Mokurset er eit
sommarkurs i folkemusikk for barn og unge. Kurset går over ei veke på Mo i
Førde kvart år, og det blir undervist i slåttelære og speleteknikk på mellom
anna hardingfele, fele, song, trekkspel og toradar. I tillegg får elevane
undervising i støttefag som folkemusikkhistorie, samt at alle får delta i dans
og song.
Elevane får
dessutan velje mellom fleire valfag, som t.d. samspel, arrangering, drama,
munnharpe, halling, m.m.
Undervisinga
føregår i grupper på ulike nivå, men elevane får også individuelle timar
tilpassa den enkelte sitt behov. Det er også noko fellesundervising for alle
elevane på kurset.
Elevane får i
løpet av Mokurset delta på fleire konsertar og tilstellingar, og får såleis
lære om sceneframferd og det å frigjere seg som musikar på ei scene.
Dei siste åra
har det vore ein instrumentmakar tilstade på kurset for å hjelpe elevane med
instrumentvedlikehald.
Mokurset er ein
musikalsk og sosial møtestad for unge folkemusikkutøvarar, og kombinerer
miljøskapande aktivitetar med eit aktivt og inkluderande læremiljø med
undervising på hovudinstrument og i støttefag som aukar instrumentferdigheiter
og kunnskap om folkemusikken generelt. Mokurset tener som ei inspirasjonskjelde
for arbeidet med folkemusikken, og er for mange eit høgdepunkt i året!
I tillegg til
dei ordinære spelekursa for barn og unge, har ein dei siste åra også hatt
kurstilboda Storspel (for vidarekomne), Samspel (for dei som ønskjer å utvikle
seg som ensemblemusikarar og arrangere musikk), og Dans (for vidarekomne) for
dei litt eldre og vaksne.
Mokurset er
arrangert av Sogn og Fjordane folkemusikklag, men er ope for elevar frå heile
landet. Minstealder for å delta er 10 år, og du må ha spelt eller sunge i
minimum 2 år. Mokurset blir halde på Mo og Jølster vgs på Mo i Førde. Både
elevar og lærarar bur på skulen sitt internat under opphaldet, og alle måltid
blir servert i skulen sin matsal.
Mokurset har
eksistert sidan 1984 og er såleis det eldste sommarkurset i folkemusikk i
landet. I starten låg deltakartalet på om lag 40 elevar, men kurset etablerte
seg raskt som eit populært tiltak og fekk ein stor auke i deltakartalet. I
starten på 1990-talet var deltakartalet opp i 130 elevar, og det vart nokre år
arrangert to kurs for å gje alle eit tilbod. Mokurset har no stabilisert seg
med eit deltakartal på om lag 80 elevar.
Sidan starten
har Mokurset hatt over 2 000 elevar, og desse har hovudsakleg kome frå Norge og
Vestlandet. Men det har også vore deltaking frå Sverige, Storbritannia,
Tyskland og USA. Mokurset har sidan starten satsa på å leige instruktørar frå
øverste hylle, og opp gjennom åra har musikarar som Annbjørg Lien, Jon
Faukstad, Håkon Høgemo, Gjermund Larsen og Leif Rygg blant instruktørane.
Mange tidlegare
elevar på Mokurset har i dag etablert seg som profesjonelle musikarar, og blant
utøvarar frå Sogn og Fjordane finn ein namn som Sigrid Moldestad, Unni Løvlid,
Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, men også Andreas
Ljones, Jorun Marie Kvernberg og Ola Kvernberg som tilreisande frå andre fylke.
Det er også fleire tidlegare elevar som er under utdanning i folkemusikk ved ulike universitet
og høgskular.